*******************************************************************************************************************
INVITASJON TIL TUR TIL MØBELHOVUDSTADEN SYKKYLVEN  5. NOVEMBER - FULLTEGNA!

Etter turar til det Maritime Møre i fjor haust og fiskerihovudstaden Ålesund i vår inviterer vi til tur til møbelhovudstaden Sykkylven torsdag 5. november.

Plan for turen:

·       Oppmøte på Moa kl 08.20, avgang med buss kl 08.30, ferje frå Magerholm kl 08.50

·       Omvisning på møbelmuseet ved historikar Eldar Høidal  kl. 09.15- 10.30

·       Omvisning på Berlihuset ved møbeldesignarane Jan Lade og Svein Asbjørnsen kl 10.45-11.45

·       Bedriftsbesøk med lunch og omvisning på Ekornes AS ved Ole Bjørn Roald  kl. 12.00 – 15.30

·       Retur til Moa, ankomst ca. 16.30

Pris for turen inkl. lunch: kr.500,-

Påmelding på tikkio.com/events/66638 innan 1. november.

Tak på deltakarar: 30. Tildeling etter «først til mølla»-prinsippet.

NB! Omvisinga på Ekornes medfører ein del gåing i dei store produksjonslokala!

Kort skildring av turen:

Tidlegare adm. dir. på Ekornes, Nils Fredrik Drabløs, vil guide oss på bussen på Moa. Han vil fortelje om industrien i Sykkylven i dag. 

Nils Fredrik Drabløs                                           

Framme i Sykkylven stoppar vi ved Møbelmuseet der vi vert møtt av historikar og forfattar Eldar Høidal.  Eldar har vore nært knytt til Møbelmuseet sidan 1995, første åra då museet var eit frittståande museum, sidan 2004 ein del av museumsfamilien på Sunnmøre, no Vitimusea.

Eldar har skrive ei rekke bøker om møbelfaglege tema, m.a. anna historiene til Ekornes og Stokke og bransjeforeiningane i møbelindustrien.

Etter omvisning på Møbelmuseet køyrer vi innom Berlihuset, der vi vert møtt av møbeldesignarane og grunderane av Møre Designteam, Jan Lade og Svein Asbjørnsen.

Utstillinga i Berlihuset fortel den fantastiske historia om eit lite, lokalt designmiljø som skapte salsvinnarar, nesten-suksessar, nye trendar og stadig nye plattformar i tett samarbeid, eller av og til i friksjon med lokale og nasjonale bedrifter.
 
Eldar Høidal t.v. ved Møbelmuseet


Møbeldesignarane  Jan Lade   (tv) og Svein Asbjørnsen, Møre Designteam                            

Etter omvisninga på Berlihuset køyrer vi over brua til Ekornes AS, Ikornes der vi vert tatt i mot av Ole Bjørn Roald. Han vil sørge for at vi får servert ein lunch-tallerken med spekemat, skinke, eggerøre, laks, salat, potetsalat og brød med mineralvatn og kaffi / te.