Sandøy kvinne- og familielag inviterer medlemmar av Ålesund senioruniversitet til ein dag på SANDØYA 19.sept.
- Ingrid Sandøy møter oss på fergekaia, og tar oss med på ei vandring rundt omkring på øya.
- Der vi bla. skal innom Sandøy kyrkje.
- Deretter blir det mat og prat på forsamlingshuset KRINGSJÅ
NB: Det kan vere lurt og ta med litt niste, då serveringa er litt utpå dagen
«Klæ dåkke for vind og væte». Vi veit aldri kva vêrgudane finn på,- her uti havgapet.
Påmelding og uttrekking av deltakarar og venteliste dersom fleire enn 25 melder seg.
Pris: 300.- betaling med VIPPS til 93020 etter kunngjering, sjå heilt nedst, under reiseruta.
Sølvi Furnes er turleiar - Sveinung Giske vil guide på bussturen over Nordøyvegen
Sjølve reisa:
- Kl. 8.25 Buss (230) frå MOA spor 4 til Brattvågen via Vatne
- Kl. 9.15 Bytte buss (232) ved Brattvåg kyrkje, ca. 3 min ventetid.
Denne bussen køyre vidare til Skjelten v/brua
- Kl. 9.30 går bussen frå Skjelten og direkte til ferjekaia på Finnøya.
Betal på bussen heilt fram til Finnøya.
- kl. 10.40 ferje frå Finnøya – til Sandøya.
Det er gratis på ferja.
- Kl. 10.55 er vi framme på Sandøya, der Ingrid Sandøy tar imot oss.
Turen tilbake:
- kl. 15.45 ferje frå Sandøya
- kl. 16.15 buss (232) frå Finnøya til Skjelten
- kl. 17.12 frå Skjelten
- kl. 17.25 til Brattvåg kyrkje
Her skal vi bytte buss - Vi har eit opplegg ved Brattvåg kyrkje i ventetida
- kl. 18.25 buss frå Brattvåg kyrkje til Moa
- kl. 19.11 Moa rutebilstasjon
Slik foregår kunngjering, påmelding, trekking, betaling og varsling:
- Presentasjon av turen vert lagt ut til alle medlemane 14 dagar før sjølve turen (i tradisjonen)
- Påmelding vert lagt ut i eige spørreskjema same dag med ei vekes frist
- Trekking og kunngjering av deltakarar og venteliste dagen etter at fristen har gått ut - epost og kort-SMS til alle som har meldt seg
- Betaling med Vipps, i løpet av dagen etter kunngjering for dei som tek imot tilbodet
- Berre halvparten av beløpet blir tilbakebetalt ved avmelding, siste frist fredag
- Deltakarar på venteliste vert fortløpande orientert ved forfall