Digital kvardag - smarttelefon og nettbrett - nybegynnerkurs

Veileder:      Herbert Gartz

Stad:            Moa helsehus (Kaoskollektivet), tidl. lokaler til Moa bibliotek
Tid:              4 kurssamlingar annakvar torsdag 1200-1400   
     Kurs 1: 13/2, 27/2, 13/3 og 27/3
       Kurs 2: 10/4, 24/4, 8/5 og 22/5
Kurs-           Opplæringsheftet Digital kommunikasjon
materiell:     (nedlastbart nedst på denne sida)
                    Kursheftet vil også vere å få i papirversjon    
                    Eigen smarttelefon eller nettbrett som allereie er teke i bruk

Assistentar:  Som kan hjelpe til undervegs i kurset

Ressursar:   Les om tidlegare kurs i Medlemsbladet nr 76 side 9 Medlemsbladet nr 77 side 4
                    Vener og familie (der er meir hjelp å hente enn du trur)
                    Individuell hjelp på datakafé (sjå nedanfor)
                    Generasjonssamarbeid på +Huset i Fredrikstad

KURSET ER FOR MEDLEMMER AV ÅLESUND SENIORUNIVERSITET

Datakafé på Rematun, Spjelkavik omsorgsenter

Er du ny på smarttelefon eller nettbrett eller er det noko du lurer på og ønskjer svar på når det gjeld mobiltelefon, nettbrett eller PC? Eller kanskje du/dokke berre vil stikke innom av rein nysgjerrigheit og for sosialt samvær?

I samarbeid med Spjelkavik seniorsenterer blir det hjelp å få annakvar torsdag frå 1000 til 1130 i oddetalsveker.
Sjå MØTEPLAN

Det vil vere hjelparar til stades for både Iphone/IoS, Samsung/Android og PC

STRATEGISK IKT
ÅSU har mange medlemmer som ønskjer alt frå enkel assistanse til meir systematisert opplæring.

Den digitale kvardagen er i jamn og sterkt utvikling, og vi blir alle stilte overfor nye utfordringar knytt til bruk av digitale verktøy.
Det er mange av oss som har hatt arbeid og interesse for IKT i vårt yrkesaktive liv.
Saman, sit vi med mykje kompetanse på området. 
Nokre har hatt «data» og ymse former for programmering som arbeid, heilt frå holkorta si tid. Andre har arbeidd med nyare objektrelaterte verktøy og system, også appar.

Strategisk IKT er ei gruppe som har som formål å utarbeide forslag til tiltak og aktivitetar for ÅSU sine medlemmer på IKT-området.
Gruppa skal også følge med i den digitale utviklinga og ha rolla som ÅSU sitt ekspertorgan:
T.d. å gi reaksjonar og ta initiativ både internt overfor eigne medlemmer, og eksternt overfor myndigheiter og næringsliv i saker som gjeld krav til digitalt utstyr og brukerkompetanse.

Gruppa har ikkje faste møter.

Er du interessert i meir informasjon eller vil du vere med i denne gruppa, så ta kontakt med Arne Vik (92203614 / ar-vik@online.no)