Datakafé på Rematun, Spjelkavik omsorgsenter
Er du ny på smarttelefon eller nettbrett eller er det noko du lurer på og ønskjer svar på når det gjeld mobiltelefon, nettbrett eller PC? Eller kanskje du/dokke berre vil stikke innom av rein nysgjerrigheit og for sosialt samvær?
I samarbeid med Spjelkavik seniorsenterer blir det hjelp å få annakvar torsdag frå 1000 til 1130 i oddetalsveker.
Sjå MØTEPLAN
Det vil vere hjelparar til stades for både Iphone/IoS, Samsung/Android og PC
STRATEGISK IKT
ÅSU har mange medlemmer som ønskjer alt frå enkel assistanse til meir systematisert opplæring.
Den digitale kvardagen er i jamn og sterkt utvikling, og vi blir alle stilte overfor nye utfordringar knytt til bruk av digitale verktøy.
Det er mange av oss som har hatt arbeid og interesse for IKT i vårt yrkesaktive liv.
Saman, sit vi med mykje kompetanse på området. Nokre har hatt «data» og ymse former for programmering som arbeid, heilt frå holkorta si tid. Andre har arbeidd med nyare objektrelaterte verktøy og system, også appar.
Strategisk IKT er ei gruppe som har som formål å utarbeide forslag til tiltak og aktivitetar for ÅSU sine medlemmer på IKT-området.
Gruppa skal også følge med i den digitale utviklinga og ha rolla som ÅSU sitt ekspertorgan:
T.d. å gi reaksjonar og ta initiativ både internt overfor eigne medlemmer, og eksternt overfor myndigheiter og næringsliv i saker som gjeld krav til digitalt utstyr og brukerkompetanse.
Gruppa har ikkje faste møter.
Er du interessert i meir informasjon eller vil du vere med i denne gruppa, så ta kontakt med Arne Vik (92203614 / ar-vik@online.no)