Kunstgruppa i Ålesund Senioruniversitet
har per dato rundt 40 medlemmar
(oppmøte på kvar samling varierer).
Vi møtast kvar tredje torsdag kl. 1200, og besøker då ulike galleri, eller kunstnarar i eige atelier. For det meste held vi oss til byen, men har også reist litt i distriktet. Innimellom blir det arrangert foredrag, og tidlegare i år var vi på «skulpturvandring» i bysentrum.
For å få betre innblikk, vil ein frå galleriet eller kunstnaren sjølv guide oss rundt og fortelje nærare om kunsten vi ser, kva som har inspirert m.m.
Arbeidsgruppa organiserer samlingane og sender ut informasjon om innhald og møtestad rundt ei veke før samling. Vanlegvis er det berre å møte opp, men nokre gonger må vi ha påmelding pga. avgrensa plass.
Medlemmane betalar 150 kr når arbeidsgruppa har behov for å fylle opp klubbkassa (ca. ein gong i året). Pengane blir brukt til «takk for oss»-blomster, honorar, inngangsbillettar og liknande.
Samlingane blir som oftast avslutta med kafébesøk.
Er du interessert, kan du bli med ein du kjenner i kunstgruppa for å teste ut før du ev. melder deg inn – eller ta kontakt med arbeidsgruppa
v/ Gerd Veddegjerde - 920 97 466 (kontaktperson), Ann Karin Skår – 482 86 863, Eli Finnøy Gule – 962 00 050 eller Anne Røsvik – 922 12 615