Samfunnsgruppa er eit uformelt diskusjonsforum for aktuelle samfunnsspørsmål.
Ikkje noko tema er for lite eller for stort.
Vi møtest annakvar tysdag på Moa omsorgssenter og diskuterer i knapt to timar.
Av og til innleiar enkelte medlemmer om spørsmål dei er spesielt opptekne av.
Vi har ikkje nokon dagsorden, men gruppeleiaren freistar etter beste evne å halde litt styr på diskusjonen.
Vil du vere med så ta kontakt med Karl J. Skårbrevik, tlf. 92266295 eller på epost kar-skaa@online.no.