OBS: Ved innmelding frå og med 15. oktober vert kontingenten overført til neste år 

Dette blir temaforedraga våren 2026

Torsdag 29. januar

Presentasjon av Chat GPT og liknande verktøy

Eli Anne Tverrgrov, kommunikasjons-rådgjevar NTNU

Bruk av KI har kome for å bli, men er eit tema som er lite kjend for mange av medlemmene våre. Gjennom foredraget vil ein få ei forståing av  Chat GPT og  liknande verkty og kva vi kan bruke det til. Rett bruk av  Chat GPT kan  t.d. hjelpe oss med å skrive  betre tekster, lære språk, forstå fagtekster og planlegge reiser.

 

 

 

Torsdag 26. februar

Mørekysten – regnskogen i havet

Nils Roar Hareide, fiskeribiolog og gründer frå Runde Miljøsenter

I dette foredraget vil han fortelje om Mørebankane, Storegga, Borgundfjorden og dei viktige fiskeria der. Forsking og kunnskap om livet i havet treng å bli løfta fram. Havet er ein viktig del av livsgrunnlaget  i vår region.

 





 


Torsdag 26. mars

Temakveld ved NTNU i Ålesund

NTNU i Ålesund er ein del av Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet, det største universitetet i Norge. Campus i Ålesund er leiande innan havrom, helse og teknologi. Det tette samarbeidet med næringslivet og offentleg sektor er ei styrke for både studietilbodet og regionen.

Vi er i ferd med å planlegge ein kveld saman med NTNU, der vi  får eit innblikk i aktuelle tema og forsking som  kan vere interessant for  våre medlemmer.

Torsdag 30. april

Demens – ulike sykdommer Hjernehelse som forebygger demens

Yngve M.Seljeseth, spesialist i indremedisin og geriatri, seksjonsoverlege slag og alderssykdommer ved Helse Møre og Romsdal, Ålesund Sjukehus

 

 

 

 

 

 

Torsdag 28. mai

Hybrid krigføring

Eskil Sivertsen, spesialrådgjevar og forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt

Han er ekspert på påverkingsoperasjonar og hybridkrig og har m.a. analysert korleis droner blir brukt i moderne krigføring. Kunnskap og kritisk tenking kring dette, er vår viktigaste forsvarsline og ein del av totalberedskapen for det norske folk. Sivertsen har vore kommunikasjonsrådgjevar for fleire forsvars- og utanriksministrar.


HAR VÆRT:

Torsdag 27. november kl. 1800

Johannes Alme «ISHAVSHISTORIA, NÆRINGA SOM FORSVANN»

Johannes Alme er næringssjef i Hareid kommune, føredragshaldar, forfattar og truleg verdas mest kunnskapsrike mann på norsk ishavshistorie.
Johannes Alme har hatt ishavet og selfangst som interesse og hobby i årevis. Har skrive mange artiklar, og etter kvart fleire bøker om emnet.

Foredraget vil handle om norsk selfangst etter 1900, om  ringverknadane, protestane og nokre ord om verdiane av fangsten.
Vi vil få høyre om katastrofa i 1952, der 5 skuter og 78 mann forsvantn sporlaust og om vrakfunnet til den islandske trålaren "Videy" hausten 2023

Torsdag 30. oktober

Elizabeth Hoff «Ledelse av nødhjelpsarbeid i krig og konflikt»

Eit dagsaktuelt tema som set fokus på dei  store utfordringane i internasjonal nødhjelpsarbeid
Elizabeth Hoff frå Ålesund er sjukepleier og jordmor og har lang erfaring frå både å leie internasjonalt nødhjelpsarbeid og ikkje minst sjølv ta aktivt del i arbeidet der det er krig og konflikt.
Ho har i over tre tiår jobba i nokre av verdas mest konfliktfylte land og områder. Hennar innsats for å sikre medisinsk hjelp til millionar av menneske i konfliktsoner har gjort henne til ein inspirerande leiar innan global helse. Dette i ei verd der dei fleste helsearbeidarar er kvinner, medan leiarane deira er menn.

Elisabeth Hoff vart i 2021 utnemnd til kommandør av St.Olavs orden for sin eineståande innsats.Hennar første utplassering var for Palestinakomiteen i Kairo i 1987. Deretter arbeidde ho for internasjonale hjelpeorganisasjonar  i land som Egypt, Zimbabwe, Afghanistan, Somalia, Rwanda og Armenia. Ho var rådgjevar for Verdens helseorganisasjon i familierådgiving i» Regional Office for Africa» Ho har også vore Chief of Operations for Unitaid, og The Global Fund to Fight AIDS.

I 2018  vart ho tildelt Gunnar Sønstebys minnefond. Prispengene gav ho til eit humanitært prosjekt som ho driv i Syria, ho vart også Årets Peer Gynt.
I 2017 mottok ho Erik Byes Minnepris.
I 2019 kom det ut ein biografi om henne.
I si tid som WHO sin representant i Syria 2012–2019 bygde ho opp eIt hjelpeapparat frå sju til over to hundre medarbeidarar. I juli 2019 vart ho WHO sin representant i Libya.

Onsdag 22. oktober - Bedriftsbesøk -
TO VIKTIGE BEDRIFTER I DEN MARITIME KLYNGA PÅ MØRE


Vi inviterer til bedriftsbesøk til to sentrale bedrifter i den maritime klynga, den viktigaste næringsklynga i vårt område, Myklebust Verft AS i Gursken og Rem Offshore AS i Fosnavåg. - Opplegget vert etter same malen som turen til Hellesylt i slutten av april med buss frå Moa kl 09.00.
Vi plukkar opp Jarle Gjerde, tidlegare adm. dir. på Myklebust Verft AS, Kleven Verft AS og Hareid Elektriske AS på Hareid. Han vil orientere om næringslivet i Hareid, Ulstein, Sand og Herøy.
Framme i Gursken vil vi besøke Myklebust Verft AS, ei hjørnesteinsbedrift i Sande kommune.
Etter omvisning og orientering køyrer vi vidare til Fosnavåg der vi får servert gulrot -og søtpotetsuppe med brød til på Madelynn Coffee kl 13.00.
Etter lunch vil vi besøke Rem Offshore AS og høyre korleis dei har klart å reise seg etter kollapsen i offshore-marknaden i 2014.
Etter besøket hos Rem Offshore returnerer vi tilbake til Moa og reknar med å vere tilbake ca. kl. 17.00.
Prisen for turen med lunch inkludert vert kr. 600,-. 
Påmelding: https://tikkio.com/events/58815 
Maks 30 deltakarar. Tildeling av plassar basert på prinsippet om «først til mølla».

Onsdag 15.oktober kl. 1800 Gratis parkering

Kafémøte: Rematun kafé
Spjelkavik omsorgsenter, Olav Sundes veg 2
TEMA: «Da freden kom til Ålesund» ved Jan Olav Flatmark.
Servering av vafler og kaffe.
Kr 150 for dei som ikkje er medlemmar.

Her er spesialinvitasjon fra NTNU - Forskningsdagene:

Det er begrensede plasser 10 stk. og de vil vi gjerne først tilby til deres medlemmer. 
Det eneste kravet til de som vil delta på dette gratisarrangementet er at de må melde seg på via denne lenken.
Da klarer vi å få dere med og holde oversikt mht. brannforskrifter i det aktuelle rommet.

To åpne foredrag fredag 19. september - men begrenset plass. Påmelding her: https://nettskjema.no/a/544244

11.00 "Medisiner fra Havet", innlegg av Cecilie Tynes Riksem, vitensenteret Atlanterhavsparken
11.30 "Fisk - er det så viktig da?" innlegg av Martine Villemo, klinisk ernæringsfysiolog bioingeniør II  

Temaforedrag NTNU Ålesund i Naftadjupet (B117) Bygning: Ankeret
Kaffi og sveler etter foredraget 

Torsdag 11. september
BRITT WALLE EKROLL Håkon Bleken si utsmykking 

Vi endrer dato og klokkeslett for å få best mogeleg lysforhold i kyrkjerommet
I Spjelkavik Kirke finn vi eitt av Håkon Blekens mest omfattande kunstverk: 96 glasmaleri som omsluttar kyrkjerommet i ein fargerik lyskrans.
Gjennom desse bileta vert nokre av dei viktigaste bibelske forteljingane og hendingane formidla i ein kraftfull og ekspressiv stil, typisk for Bleken, ein av Noregs mest markante biletkunstnarar. 
Håkon Bleken, gjekk bort 21.januar 2025, 96 år gammal. Han utsmykka fleire kyrkjer, men glasmaleria i Spjelkavik Kirke står fram som hans største – og kanskje også viktigaste kyrkjelege verk.
 Kunsthistorieprofessor Gunnar Danbolt har omtalt utsmykkinga som eit hovudverk innan norsk kyrkjekunst


Torsdag 28. august 
OLA HONNINGDAL GRYTTEN 
«Økonomiske utsikter fremover og bakover»

Ola Honningdal Grytten er professor i økonomisk historie og samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøgskole i Bergen og professor ved NTNU i Ålesund. Han har vore spesialrådgjevar for Norges Bank  og medlem av beredningsgruppe for Sveriges Riksbank.
Korleis påverkar den globale økonomien Europa-Norge-Sunnmøre?
Kva konsekvensar kan dette få for lokalt næringsliv og privat økonomien vår?